19 Det er klårt kva slag gjerningar som kjem frå kjøtet: hor, umoral, usømd,
20 avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar,
21 misunning, fyll, festing og meir av det slaget. Eg har sagt det før og seier det på nytt: Dei som driv med slikt, skal ikkje arva Guds rike.
22 Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap,
23 audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot!
24 Dei som høyrer Kristus til, har krossfest kjøtet med lidenskapane og dei vonde lystene.
25 Lever vi ved Anden, så lat oss òg vandra i Anden.