2 Høyr kva eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil ikkje Kristus vera til noka hjelp for dykk.
3 På nytt slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova.
4 De som vil bli rettferdige ved lova, er skilde frå Kristus; de er falne ut av nåden.
5 Men vi ventar i Anden, ved tru, på den rettferda som er vår von.
6 For i Kristus Jesus gjeld det verken å vera omskoren eller å vera uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.
7 De var komne godt i gang med løpet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga?
8 Kven har overtala dykk? Ikkje han som kalla dykk!