4 De som vil bli rettferdige ved lova, er skilde frå Kristus; de er falne ut av nåden.
5 Men vi ventar i Anden, ved tru, på den rettferda som er vår von.
6 For i Kristus Jesus gjeld det verken å vera omskoren eller å vera uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.
7 De var komne godt i gang med løpet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga?
8 Kven har overtala dykk? Ikkje han som kalla dykk!
9 Litt surdeig gjennomsyrar heile deigen.
10 Men i Herren har eg den tiltru til dykk at de ikkje vil tenkja annleis enn eg gjer. Den som forvirrar dykk, skal få sin dom, kven han så er.