8 Kven har overtala dykk? Ikkje han som kalla dykk!
9 Litt surdeig gjennomsyrar heile deigen.
10 Men i Herren har eg den tiltru til dykk at de ikkje vil tenkja annleis enn eg gjer. Den som forvirrar dykk, skal få sin dom, kven han så er.
11 Men om det er så, sysken, at eg enno forkynner omskjering, kvifor blir eg då forfølgd? Då er ikkje krossen ein snublestein lenger.
12 Må dei berre skjera av seg alt saman, dei som spreier uro mellom dykk!
13 De er kalla til fridom, sysken. Lat berre ikkje fridomen bli eit påskot til å gjera det kjøtet vil, men ten kvarandre i kjærleik.
14 For heile lova er oppfylt i dette eine bodet: Du skal elska nesten din som deg sjølv.