10 Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot vår familie i trua.
11 Sjå kor store bokstavar eg bruker når eg no med mi eiga hand skriv dette til dykk:
12 Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa å bli forfølgde på grunn av Kristi kross.
13 For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan vera stolte av det som er gjort med kroppen dykkar.
14 Men eg vil aldri i livet vera stolt av noko anna enn vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda.
15 For det som tel, er ikkje å vera omskoren eller å vera uomskoren, men å vera ein ny skapning.
16 Alle som følgjer denne rettesnora – fred og miskunn vere med dei og med Guds Israel!