7 Far ikkje vill! Gud lèt seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det òg hausta.
8 Den som sår i sitt eige kjøt, haustar forderving frå kjøtet, men den som sår i Anden, haustar evig liv frå Anden.
9 Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp.
10 Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot vår familie i trua.
11 Sjå kor store bokstavar eg bruker når eg no med mi eiga hand skriv dette til dykk:
12 Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa å bli forfølgde på grunn av Kristi kross.
13 For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan vera stolte av det som er gjort med kroppen dykkar.