9 Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp.
10 Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot vår familie i trua.
11 Sjå kor store bokstavar eg bruker når eg no med mi eiga hand skriv dette til dykk:
12 Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa å bli forfølgde på grunn av Kristi kross.
13 For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan vera stolte av det som er gjort med kroppen dykkar.
14 Men eg vil aldri i livet vera stolt av noko anna enn vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda.
15 For det som tel, er ikkje å vera omskoren eller å vera uomskoren, men å vera ein ny skapning.