1 Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, sender si helsing til dei tolv stammane som er spreidde omkring i framande land.
2 Hald det berre for ei glede, sysken, når de møter alle slags prøvingar;
3 for de veit at når trua blir prøvd, lærer de tolmod.
4 Men tolmodet må visa seg i fullkomen gjerning, så de kan vera fullkomne og heile, utan nokon mangel.
5 Men om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som villig og utan å klandra gjev til alle, og han skal få.