19 Dette må de vita, mine kjære sysken: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å bli sint.
20 For sinne hos eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud.
21 Legg difor av alt som er ureint, og all slags vondskap, og ta audmjukt imot det ordet som er planta i dykk, det som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.
22 De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer de dykk sjølve.
23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer det Ordet seier, er lik ein mann som ser på sitt eige andlet i ein spegel:
24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut.
25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, gløymer ikkje det han høyrer, men gjer etter det. Eit slikt menneske skal vera lukkeleg i si gjerning.