4 Men tolmodet må visa seg i fullkomen gjerning, så de kan vera fullkomne og heile, utan nokon mangel.
5 Men om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som villig og utan å klandra gjev til alle, og han skal få.
6 Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar ei bølgje på havet som blir driven omkring og kasta hit og dit av vinden.
7 Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren,
8 tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.
9 Ein bror som står lågt i rang, skal vera stolt av kor høgt han blir sett,
10 og ein rikmann skal vera stolt av kor lågt han blir sett, for som blomen i graset skal han forgå.