1 Mine sysken, de kan ikkje tru på vår Herre Jesus Kristus, herlegdomens Herre, og samtidig gjera forskjell på folk.
2 Set at det kjem to menn inn i forsamlinga dykkar – den eine i staselege klede og med gullring på fingeren, den andre fattig og i skitne klede.
3 Då legg de merke til han i dei staselege kleda og seier: «Kom hit og finn deg ein god plass!» Men til den fattige seier de: «Du kan stå der!» eller: «Set deg her ved føtene mine!»
4 Har de ikkje då skapt eit skilje mellom dykk? Har de ikkje vorte dommarar med vonde tankar?
5 Høyr no, mine kjære sysken: Har ikkje Gud valt ut dei fattige i verda til å vera rike i trua og til å arva det riket han har lova dei som elskar han?
6 Men de har forakta den fattige! Er det ikkje dei rike som undertrykkjer dykk og dreg dykk fram for domstolen?