15 Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og manglar mat for dagen,
16 kva hjelper det då om ein av dykk seier til dei: «Gå med fred, varm dykk og et dykk mette!» utan å gje dei det kroppen treng?
17 På same måten er det med trua: i seg sjølv, utan gjerningar, er ho død.
18 Kanskje vil nokon seia: «Du har tru, eg har gjerningar.» Vis meg di tru utan gjerningar, så skal eg ut frå gjerningane visa deg mi tru.
19 Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same – og skjelv!
20 Vil du ikkje skjøna, du tankelause menneske, at tru utan gjerningar er til inga nytte?
21 Var det ikkje på grunn av gjerningar at Abraham, far vår, vart rekna som rettferdig då han bar fram Isak, son sin, som offer på altaret?