19 Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same – og skjelv!
20 Vil du ikkje skjøna, du tankelause menneske, at tru utan gjerningar er til inga nytte?
21 Var det ikkje på grunn av gjerningar at Abraham, far vår, vart rekna som rettferdig då han bar fram Isak, son sin, som offer på altaret?
22 Slik kan du sjå at trua verka saman med gjerningane hans, og gjennom gjerningane vart trua fullenda.
23 På den måten vart dette skriftordet oppfylt: Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig, og han vart kalla «Guds ven».
24 Der ser de at eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar og ikkje berre ved tru.
25 På same måten var det med Rahab, ho som var prostituert: Vart ikkje ho rekna som rettferdig på grunn av gjerningar, fordi ho tok imot utsendingane og sleppte dei ut ein annan veg?