5 Høyr no, mine kjære sysken: Har ikkje Gud valt ut dei fattige i verda til å vera rike i trua og til å arva det riket han har lova dei som elskar han?
6 Men de har forakta den fattige! Er det ikkje dei rike som undertrykkjer dykk og dreg dykk fram for domstolen?
7 Er det ikkje dei som spottar det gode namnet som er nemnt over dykk?
8 Dersom de oppfyller den kongelege lov i Skrifta: Du skal elska nesten din som deg sjølv, då gjer de rett.
9 Men gjer de forskjell på folk, då syndar de, og lova klagar dykk som lovbrytarar.
10 For den som held heile lova, men snublar i eit einaste bod, han har gjort seg skuldig i brot på dei alle.
11 For han som sa: Du skal ikkje bryta ekteskapet, han sa òg: Du skal ikkje slå i hel. Om du då ikkje bryt ekteskapet, men slår i hel, så har du vorte ein lovbrytar.