1 Mine brør, ikkje mange av dykk bør bli lærarar, for de veit at vi lærarar skal få ein strengare dom.
2 Alle snublar vi ofte. Den som ikkje snublar og feilar i det han seier, er fullkomen, i stand til å halda heile kroppen i taumar.
3 Vi legg beksel i munnen på hesten så han skal lystra oss, og då kan vi styra heile hesten.
4 Ja, til og med store skip som blir drivne av sterke vindar, kan styrast med eit lite ror dit styrmannen vil.
5 På same måten er det med tunga: Ho er ein liten kroppsdel, men ho kan skryta av si store makt. Ja, ein liten eld kan setja den største skog i brann!
6 Men tunga er òg ein eld, ho er ei verd av vondskap mellom lemene våre. Ho smittar heile kroppen og set livshjulet i brann, og blir sjølv sett i brann av helvete.