12 Sysken, kan eit fikentre bera oliven eller ein vinstokk bera fiken? Like lite kan ei salt kjelde gje ferskt vatn.
13 Er nokon av dykk vis og vitug, då skal han syna det i gjerning, i eit rett liv som har vorte audmjukt gjennom visdom.
14 Men ber de bitter misunning og sjølvhevding i hjartet, då må de ikkje skryta og lyga mot sanninga.
15 Den slags visdom kjem ikkje ovanfrå, men er jordisk og sjeleleg, ja, demonisk.
16 For der misunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er.
17 Men visdomen ovanfrå er først og fremst rein. Dessutan elskar han fred og er forsonleg og føyeleg, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og utan hykleri.
18 Rettferda er ei frukt som blir sådd i fred og veks fram for dei som skaper fred.