4 Ja, til og med store skip som blir drivne av sterke vindar, kan styrast med eit lite ror dit styrmannen vil.
5 På same måten er det med tunga: Ho er ein liten kroppsdel, men ho kan skryta av si store makt. Ja, ein liten eld kan setja den største skog i brann!
6 Men tunga er òg ein eld, ho er ei verd av vondskap mellom lemene våre. Ho smittar heile kroppen og set livshjulet i brann, og blir sjølv sett i brann av helvete.
7 Alt i naturen, både ville dyr og fuglar, krypdyr og fiskar, kan temjast og har vorte tamde av mennesket, som sjølv er ein del av naturen.
8 Men tunga kan ikkje noko menneske temja, rastlaus og vond som ho er, full av drepande gift.
9 Med henne lovprisar vi Herren vår Far, og med henne forbannar vi menneska som er skapte i Guds bilete.
10 Frå same munnen kjem det både lovprising og forbanning. Slik må det ikkje vera, mine sysken!