1 Kvar kjem han frå, all denne striden og ufreden blant dykk? Er det ikkje frå lystene som fører krig i lemene dykkar?
2 De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De lever i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed.
3 De bed, men får ikkje, fordi de bed gale. De vil sløsa det bort i nyting.
4 De trulause! Veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, blir Guds fiende.