10 Gjer dykk audmjuke for Herren, så skal han opphøgja dykk.
11 De må ikkje baktala kvarandre, sysken! Den som baktalar ein bror eller dømmer ein bror, han baktalar lova og dømmer lova. Men dersom du dømmer lova, då gjer du ikkje det lova seier, men gjer deg til dommar over lova.
12 Det er éin som er lovgjevar og dommar, han som har makt både til å frelsa og til å øydeleggja. Men kven er du som dømmer nesten din?
13 Og no, de som seier: «I dag eller i morgon fer vi til den eller den byen og er der eit år, driv handel og tener pengar» –
14 og så veit de ikkje eingong korleis livet dykkar blir i morgon! For de er røyk – synleg ei lita stund, og så borte.
15 De skulle heller seia: «Om Herren vil, får vi leva og kan gjera det eine eller det andre.»
16 Men no er de hovmodige og rosar dykk sjølve. All slik ros er av det vonde.