2 De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De lever i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed.
3 De bed, men får ikkje, fordi de bed gale. De vil sløsa det bort i nyting.
4 De trulause! Veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, blir Guds fiende.
5 Eller meiner de at det er tomme ord når Skrifta seier: Med brennande iver gjer Gud krav på den ånda han har late bu i oss?
6 Men nåden han gjev, er endå større. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.
7 Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han rømma frå dykk.
8 Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vask hendene, de syndarar, og reins hjarta, de tvihuga!