4 De trulause! Veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, blir Guds fiende.
5 Eller meiner de at det er tomme ord når Skrifta seier: Med brennande iver gjer Gud krav på den ånda han har late bu i oss?
6 Men nåden han gjev, er endå større. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.
7 Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han rømma frå dykk.
8 Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vask hendene, de syndarar, og reins hjarta, de tvihuga!
9 Klag dykkar naud, sørg og gråt! Vend latteren til sørgjesong og gleda til alvor!
10 Gjer dykk audmjuke for Herren, så skal han opphøgja dykk.