1 Og no, de rike! Gråt og jamra over all den ulukke som ventar dykk!
2 Rikdomen dykkar har rotna, og kleda er mølletne;
3 gullet og sølvet er rusta bort, og rusta skal vitna mot dykk og eta kroppen dykkar som eld. De har samla dykk skattar i endetida!
4 Men høyr: Ho ropar høgt, den løna de heldt att frå arbeidarane som skar åkrane dykkar, og klageropet frå dei som haustar inn, har nådd fram til Herren Sebaots øyre.
5 I luksus og overflod har de levd på jorda og gjort hjarta dykkar feite til slaktedagen.