12 Framfor alt må de ikkje sverja, mine sysken, verken ved himmelen eller jorda eller ved noko anna. Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei, så de ikkje skal koma under dommen!
13 Er det nokon av dykk som har det vondt? Då skal han be. Er nokon ved godt mot? Då skal han syngja lovsongar.
14 Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i forsamlinga, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn.
15 Og bøna som er boren fram i tru, skal berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne.
16 Vedkjenn då syndene for kvarandre og be for kvarandre, så de kan bli lækte. Bøna frå eit rettferdig menneske verkar med stor kraft.
17 Elia var eit menneske under same kår som vi. Han bad inderleg at det ikkje skulle regna, og i tre år og seks månader fall det ikkje regn på jorda.
18 Så bad han på nytt, og himmelen gav regn, og jorda bar atter si grøde.