4 Men høyr: Ho ropar høgt, den løna de heldt att frå arbeidarane som skar åkrane dykkar, og klageropet frå dei som haustar inn, har nådd fram til Herren Sebaots øyre.
5 I luksus og overflod har de levd på jorda og gjort hjarta dykkar feite til slaktedagen.
6 Den rettferdige har de dømt og drepe, og ingen gjer motstand mot dykk.
7 Ver då tolmodige, sysken, til Herren kjem! Ein bonde må venta på den dyrebare grøda frå jorda og vera tolmodig til både haustregnet og vårregnet har falle.
8 Slik må de òg vera tolmodige og gjera hjarta sterke, for Herren kjem snart.
9 Klag ikkje på kvarandre, sysken, så de ikkje skal bli dømde. Sjå, dommaren står framfor døra.
10 Ta profetane til føredøme, sysken, dei som tala i Herrens namn. Dei heldt tolmodig ut når dei måtte lida vondt.