11 Røysta sa: «Det du får sjå, skal du skriva ned i ei bok og senda til dei sju forsamlingane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»
12 Eg snudde meg for å sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju lysestakar av gull,
13 og midt mellom lysestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa.
14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og auga som logande eld,
15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder.
16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og frå munnen hans gjekk det ut eit skarpt, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.
17 Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:«Ver ikkje redd! Eg er den første og den siste