14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og auga som logande eld,
15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder.
16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og frå munnen hans gjekk det ut eit skarpt, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.
17 Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:«Ver ikkje redd! Eg er den første og den siste
18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nøklane til døden og dødsriket.
19 Skriv no ned det du har sett, det som er, og det som heretter skal koma.
20 Dette er løyndomen med dei sju stjernene du såg i mi høgre hand, og dei sju lysestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju forsamlingane, og dei sju lysestakane er dei sju forsamlingane.»