1 Og eg såg ein annan mektig engel stiga ned frå himmelen. Han var sveipt i ei sky og hadde regnbogen kring hovudet. Andletet var som sola og føtene som eldsøyler.
2 I handa hadde han ein liten bokrull som var opna. Han sette den høgre foten på havet og den venstre på jorda
3 og ropa med kraftig røyst som ei brølande løve. Då han hadde ropa, ljoma røystene frå dei sju torene.
4 Etter at dei sju torene hadde tala, ville eg til å skriva, men eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: «Set segl for det som dei sju torene har sagt, skriv det ikkje ned!»
5 Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, lyfte høgre handa mot himmelen
6 og svor ved han som lever i all æve, han som skapte himmelen og alt som finst der, og jorda og alt som finst der, og havet og alt som finst der: «Tida er ute.
7 Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds mysterium vera fullført, slik han kunngjorde for tenarane sine, profetane.»