4 Etter at dei sju torene hadde tala, ville eg til å skriva, men eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: «Set segl for det som dei sju torene har sagt, skriv det ikkje ned!»
5 Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, lyfte høgre handa mot himmelen
6 og svor ved han som lever i all æve, han som skapte himmelen og alt som finst der, og jorda og alt som finst der, og havet og alt som finst der: «Tida er ute.
7 Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds mysterium vera fullført, slik han kunngjorde for tenarane sine, profetane.»
8 Den røysta eg hadde høyrt frå himmelen, tala igjen til meg: «Gå bort og ta den opne boka frå handa til engelen som står på havet og på jorda.»
9 Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle bokrullen.» Han sa til meg: «Ta bokrullen og et han! Han skal svi i magen din, men i munnen din skal han vera søt som honning.»
10 Så tok eg den vesle bokrullen ut av handa på engelen og åt han, og i munnen var han søt som honning, men då eg hadde svelgt han, sveid det i magen.