1 Og det vart gjeve meg ei målestong som likna ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mål Guds tempel og altaret, og tel dei som tilbed der!
2 Men føregarden utanfor tempelet skal du la vera, den skal du ikkje måla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader.
3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i sekkestrie, til å vera profetar i 1260 dagar.»
4 Dette er dei to oliventrea og dei to lysestakane som står framfor Herren over jorda.
5 Og om nokon vil skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, den som vil skada dei, skal døy på den måten.
6 Dei har makt til å lata att himmelen så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar. Dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slags plager, så ofte dei vil.