3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i sekkestrie, til å vera profetar i 1260 dagar.»
4 Dette er dei to oliventrea og dei to lysestakane som står framfor Herren over jorda.
5 Og om nokon vil skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, den som vil skada dei, skal døy på den måten.
6 Dei har makt til å lata att himmelen så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar. Dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slags plager, så ofte dei vil.
7 Men når dei er ferdige med å vitna, skal dyret som stig opp frå avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei.
8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som i åndeleg samanheng blir kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest.
9 Menneske av mange folk og stammar og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei.