1 Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet.
2 Ho var med barn og skreik i barselsmerter og fødselsrier.
3 På himmelen synte det seg òg eit anna teikn, ein stor drake, raud som eld. Han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner.
4 Halen hans drog med seg tredjedelen av stjernene på himmelen og kasta dei ned på jorda. Draken stilte seg framfor kvinna som skulle føda, for å sluka barnet så snart det var fødd.
5 Då fødde ho eit gutebarn som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans trone.
6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud hadde laga til for henne, og der skulle ho i 1260 dagar få den føda ho trong.
7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til krig mot draken. Draken kjempa saman med englane sine,