10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa:«Sigeren og makta og riket tilhøyrer no vår Gud,og herredømet den han har salva.For klagaren er kasta,han som dag og natt førte klagemål mot syskena vårefor vår Guds andlet.
11 Dei har vunne over han i kraft av blodet frå Lammetog det ordet dei vitna om;dei hadde ikkje livet så kjært at dei ikkje ville gå i døden.
12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei!Men ve over jorda og havet,for djevelen har kome ned til dykk,og vreiden hans er stor,for han veit at tida hans er kort.»
13 Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfølgde han kvinna som hadde fødd gutebarnet.
14 Men ho fekk dei to vengene til den store ørna så ho kunne flyga ut i øydemarka til staden sin, og få den føda ho treng i ei tid og tider og ei halv tid, langt borte frå slangen.
15 Ut av gapet sitt spydde slangen vatn som ei elv etter kvinna for å riva henne bort i straumen.
16 Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet sitt.