14 Men ho fekk dei to vengene til den store ørna så ho kunne flyga ut i øydemarka til staden sin, og få den føda ho treng i ei tid og tider og ei halv tid, langt borte frå slangen.
15 Ut av gapet sitt spydde slangen vatn som ei elv etter kvinna for å riva henne bort i straumen.
16 Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet sitt.
17 Draken vart rasande på kvinna og fór bort for å føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som retter seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus.
18 Og han vart ståande på stranda ved havet.