1 Og eg såg eit dyr stiga opp av havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ti kroner på horna. På hovuda stod namn som var ein spott mot Gud.
2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og si trone og stor makt.
3 Eitt av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men det dødelege såret vart lækt.Heile verda undra seg over dyret og følgde det.
4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»
5 Det vart gjeve dyret ein munn som kunne tala store og spottande ord, og det fekk makt til å halda på i 42 månader.