15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å få drepe alle dei som ikkje ville tilbe biletet av dyret.
16 Dyret tvingar alle, små og store, rike og fattige, frie og slavar, til å ha eit merke på høgre handa eller på panna.
17 Og ingen kan kjøpa eller selja noko utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet.
18 Her gjeld det å ha visdom. Lat den som har forstand, rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet er 666.