10 skal drikka av Guds vreidevin som er skjenkt ublanda i hans harmes skål, og pinast med eld og svovel for auga på dei heilage englane og Lammet.
11 Røyken frå pina deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, desse som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet til dyret som merke.»
12 Her må dei heilage halda ut, dei som held seg til Guds bod og trua på Jesus.
13 Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: «Skriv: Sæle er dei døde som heretter døyr i Herren. Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira følgjer med dei.»
14 Og eg såg, og sjå! – ei kvit sky, og på skya sat det ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ein krans av gull på hovudet og ein skarp sigd i handa.
15 Og ein annan engel kom ut frå tempelet og ropa med høg røyst til han som sat på skya:«Lyft sigden din og haust inn!For tida er komen for å hausta,og grøda på jorda er fullmogen.»
16 Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta.