15 Og ein annan engel kom ut frå tempelet og ropa med høg røyst til han som sat på skya:«Lyft sigden din og haust inn!For tida er komen for å hausta,og grøda på jorda er fullmogen.»
16 Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta.
17 Då kom det endå ein engel ut frå tempelet i himmelen; han òg hadde ein skarp sigd.
18 Så kom det ein annan engel frå altaret. Han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den skarpe sigden: «Send ut den skarpe sigden din og haust inn drueklasane frå vinmarka på jorda, for no er druene mogne!»
19 Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene frå vinmarka på jorda og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide.
20 Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet rann frå vinpressa så det stod opp til bekselet på hestane 1600 stadiar borte.