2 Frå himmelen høyrde eg ein lyd som bruset av veldige vassmengder og drønn av sterke toreslag. Og lyden var som når harpespelarar spelar på harpene sine.
3 Og dei song ein ny song framfor trona og dei fire skapningane og dei eldste, ein song som ingen kunne læra utan dei 144 000, dei som er frikjøpte frå jorda.
4 Dette er dei som ikkje har gjort seg ureine med kvinner, for dei er som jomfruer. Det er dei som følgjer Lammet kvar han går. Det er dei av menneska som er frikjøpte og skal vera ei førstegrøde for Gud og Lammet.
5 I deira munn vart det ikkje funne løgn, dei er utan feil.
6 Og eg såg endå ein engel, flygande høgt oppe under himmelkvelven. Han hadde eit evig evangelium å forkynna for dei som bur på jorda, for alle folkeslag og stammar, tungemål og folk.
7 Og han ropa med høg røyst: «Ottast Gud og gjev han æra! For no er timen komen då han skal halda dom. Tilbed han som skapte himmelen og jorda, hav og kjelder!»
8 Ein annan engel følgde etter og ropa: «Fallen, fallen er Babylon den store, ho som har skjenkt alle folkeslag med vreidevin frå horeriet sitt.»