5 I deira munn vart det ikkje funne løgn, dei er utan feil.
6 Og eg såg endå ein engel, flygande høgt oppe under himmelkvelven. Han hadde eit evig evangelium å forkynna for dei som bur på jorda, for alle folkeslag og stammar, tungemål og folk.
7 Og han ropa med høg røyst: «Ottast Gud og gjev han æra! For no er timen komen då han skal halda dom. Tilbed han som skapte himmelen og jorda, hav og kjelder!»
8 Ein annan engel følgde etter og ropa: «Fallen, fallen er Babylon den store, ho som har skjenkt alle folkeslag med vreidevin frå horeriet sitt.»
9 Ein tredje engel følgde etter dei og ropa med høg røyst: «Den som tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa,
10 skal drikka av Guds vreidevin som er skjenkt ublanda i hans harmes skål, og pinast med eld og svovel for auga på dei heilage englane og Lammet.
11 Røyken frå pina deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, desse som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet til dyret som merke.»