3 og syng den lovsongen som Guds tenar Moses song, den som òg er songen for Lammet: Store og underfulle er dine gjerningar, Herre Gud, du Allmektige. Rettferdige og sanne er dine vegar, du konge over folkeslaga.
4 Kven skulle ikkje frykta deg, Herre, og æra ditt namn?For einast du er heilag. Alle folkeslag skal koma og tilbe for ditt andlet,fordi dine rettferdige dommar har vorte openberra.
5 Etter dette såg eg at tempelet i himmelen, som er vitnemålsteltet, vart opna.
6 Og ut frå tempelet kom dei sju englane som hadde med seg dei sju plagene. Dei var kledde i reint og skinande lin og hadde gullbelte om bringa.
7 Og ein av dei fire skapningane gav dei sju englane sju gullskåler fylte med den levande Guds vreide, han som lever i all æve.
8 Då vart tempelet fylt med røyk frå Guds herlegdom og makt, og ingen kunne gå inn i tempelet før dei sju plagene frå dei sju englane var fullførte.