13 Og eg såg at det kom tre ureine ånder ut or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar.
14 Dette er demoniske ånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på Guds, Den allmektiges store dag.
15 – «Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og tek vare på kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.» –
16 Og dei samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon.
17 Den sjuande engelen tømde si skål ut i lufta. Då høyrdest det frå trona i tempelet ei høg røyst som sa: «Det er skjedd!»
18 Og det kom lyn og drønn og torebrak, og eit jordskjelv som det ikkje har vore maken til så lenge det har levd menneske på jorda – så kraftig var det.
19 Den store byen vart kløyvd i tre delar, og byane til folkeslaga vart lagde i grus. Gud gløymde ikkje det store Babylon og lét det få begeret med hans harme- og vreidevin.