1 Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom bort til meg og sa: «Kom, eg vil syna deg korleis den store hora får sin dom, ho som sit ved veldige vatn.
2 Kongane på jorda har drive hor med henne, og dei som bur på jorda, har vorte rusa av vinen frå horeriet hennar.»
3 I Anden førte han meg ut i øydemarka, og eg såg ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud. Det hadde sju hovud og ti horn.
4 Kvinna var kledd i purpur og skarlak og glitra av gull og edelsteinar og perler. I handa hadde ho eit gullbeger fullt med motbydelege ting og all ureinskapen frå horeriet sitt.
5 På panna hennar stod det skrive eit namn med løynd meining: «Babylon den store, mor til horene og til alt som er motbydeleg på jorda.»
6 Og eg såg at kvinna var rusa av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.Full av undring såg eg henne.
7 Men engelen sa til meg: «Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn.