4 Kvinna var kledd i purpur og skarlak og glitra av gull og edelsteinar og perler. I handa hadde ho eit gullbeger fullt med motbydelege ting og all ureinskapen frå horeriet sitt.
5 På panna hennar stod det skrive eit namn med løynd meining: «Babylon den store, mor til horene og til alt som er motbydeleg på jorda.»
6 Og eg såg at kvinna var rusa av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.Full av undring såg eg henne.
7 Men engelen sa til meg: «Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn.
8 Dyret du såg, det var, men er ikkje, og det skal koma opp frå avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var, men ikkje er, og endå skal koma.
9 Her trengst det vit og visdom.Dei sju hovuda er sju fjell, og på dei sit kvinna. Dei er òg sju kongar:
10 Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen, og når han kjem, skal han bli verande berre ei lita stund.