1 Etter alt dette såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst i glansen frå han.
2 Han ropa med høg røyst:«Fallen, fallen er Babylon den store!Ho har vorte ein bustad for vonde ånder,ein gøymestad for alle ureine ånder,ein gøymestad for alle ureine fuglar,ein gøymestad for alle ureine og avskyelege dyr.
3 For alle folkeslag har drukkevreidevin frå horeriet hennar.Kongane på jorda har drive hor med henne,og kjøpmennene på jorda har vorte rikeav hennar overdådige luksus.»
4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:«Far bort frå henne, mitt folk,så de ikkje blir medskuldige i syndene hennarog ikkje ramma av plagene hennar.
5 For syndene hennar har tårna seg opp heilt til himmelen,og Gud har vorte mint om all uretten ho har gjort.