13 kanel og krydder, røykjelse, salveolje og virak, vin og olje, fint mjøl og kveite, storfe og småfe, hestar og vogner og slavar, levande menneske.
14 «Fruktene som var lysta i livet ditt,er borte for deg,og alt det dyre du eigde,og all di prakt har du tapt,aldri skal det finnast meir.»
15 Dei som handlar med slike varer, kjøpmenn som har tent seg rike på henne, skal stå langt borte, skremde av lidingane hennar. Dei skal gråta og sørgja
16 og seia:«Ve, ve over den store byen,som var kledd i fint lin og purpur og skarlak,og som glitra av gull og edelsteinar og perler!
17 På ein einaste time er all denne rikdomen lagd øyde.»Alle som fører skip på havet, og dei som ferdast langs kystane, sjømennene og alle som har sitt arbeid på havet, stod langt borte.
18 Dei såg røyken då ho brann, og ropa: «Kvar finst maken til denne store byen?»
19 Og dei kasta støv på hovudet, og gråtande og sørgjande ropa dei:«Ve, ve over den store byen,der alle som har skip på havet,har vorte rike av hennar overflod!På ein einaste time vart ho lagd øyde.»