3 For alle folkeslag har drukkevreidevin frå horeriet hennar.Kongane på jorda har drive hor med henne,og kjøpmennene på jorda har vorte rikeav hennar overdådige luksus.»
4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:«Far bort frå henne, mitt folk,så de ikkje blir medskuldige i syndene hennarog ikkje ramma av plagene hennar.
5 For syndene hennar har tårna seg opp heilt til himmelen,og Gud har vorte mint om all uretten ho har gjort.
6 Gjev henne att likt for likt,ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort,og skjenk dobbelt opp til hennei det begeret ho sjølv har skjenkt opp.
7 Gjev henne like mykje pine og sorgsom ho sjølv har unnt seg prakt og luksus.Ho seier til seg sjølv:‘Her sit eg som dronning,eg er ikkje enkje,og sorg skal eg aldri vita av.’
8 Difor skal plagene hennar komapå éin og same dagen:død og sorg og hungersnaud,og ho skal brennast opp med eld.For veldig er Herren Gud som dømmer henne.»
9 Kongane på jorda, som har levd med henne i hor og luksus, skal gråta og bryta ut i klagerop over henne når dei ser røyken stiga opp der ho brenn.