4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på trona, og sa:«Amen. Halleluja!»
5 Og frå trona kom det ei røyst som sa:«Lova vår Gud, alle hans tenarar,de som ottast han, små og store!»
6 Då var det som eg høyrde lyden av ein stor skare, eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterke toreslag. Dei ropa:«Halleluja!Herren vår Gud, Den allmektige,har vorte konge!
7 Lat oss gleda oss og jubla og gje han æra!For tida er komen då Lammet skal halda bryllaup.Brura har gjort seg klar,
8 og det er gjeve henne ei drakt av skinande reint lin.»Linet er dei rettferdige gjerningane til dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet hos Lammet.» Og han sa: «Dette er Guds sanne ord.»
10 Eg kasta meg ned for føtene hans og ville tilbe han. Men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og syskena dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden i profetordet.