8 og det er gjeve henne ei drakt av skinande reint lin.»Linet er dei rettferdige gjerningane til dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet hos Lammet.» Og han sa: «Dette er Guds sanne ord.»
10 Eg kasta meg ned for føtene hans og ville tilbe han. Men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og syskena dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden i profetordet.
11 Og eg såg himmelen open, og sjå! – ein kvit hest. Og han som sat på hesten, heiter Trufast og Sannferdig, for han dømmer og strider med rettferd.
12 Auga hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han har eit namn innskrive som ingen kjenner utan han.
13 Han er kledd i ei kappe som er dyppa i blod, og namnet hans er Guds Ord.
14 Himmelhærane, kledde i kvitt og reint lin, følgjer han på kvite hestar.