18 Skriv til engelen for forsamlinga i Tyatira:Dette seier Guds Son, han som har auge som logande eld og føter som bronse:
19 Eg veit om gjerningane dine, kjærleiken din og trua di, tenesta di og tolmodet ditt. Ja, dei siste gjerningane dine overgår dei første!
20 Men dette har eg imot deg: Du toler denne kvinna Jesabel, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer.
21 Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeri.
22 Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, kastar eg ut i stor naud om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar,
23 og borna hennar vil eg drepa med pest. Slik skal alle forsamlingane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarte, og som løner kvar og ein av dykk etter det de har gjort.
24 Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje følgjer denne læra og ikkje har «kjent Satans avgrunnar», som dei kallar det, til dykk seier eg: Eg legg inga ny bør på dykk.