3 Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje trøytna.
4 Men dette har eg imot deg: Du har gjeve opp din første kjærleik.
5 Kom i hug kvar du stod før du fall. Vend om og gjer dei gjerningane du gjorde før! Elles kjem eg til deg og tek lysestaken din bort – om du ikkje vender om.
6 Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane til nikolaittane, slik eg sjølv gjer.
7 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.
8 Skriv til engelen for forsamlinga i Smyrna:Dette seier den første og den siste, han som var død og har vorte levande:
9 Eg veit om trengslene du må lida, og kor fattig du er – men du er rik. Eg veit òg at du blir spotta av dei som kallar seg jødar, men ikkje er det, for dei er Satans synagoge.